KVIT SNØ 2012

KVIT SNØ 2012 - Laurdag 4. februar kl. 18.30 på Gamle Skaga [Gol Bygdemuseum] bak Hallingdal Folkehøgskule.

I utestuntforestillinga “Kvit snø” I Golsjuvet forrige vinter avslørte elevane ved Hallingdal folkehøgskule at det er dei som er ansvarlege for den enorme mengden av kvit skisnø i Hallingdal. Då vart nemleg Skagas hemmelege snørituale vist for offentligheita for andre gong.
 
Hallingdal Folkehøgskule arrangerer også i år «Kvit snø». Førestillinga vil i år bli lagt til Gamle Skaga (Gol Bygdemuseum) bak Hallingdal Folkehøgskule.
 
At elevane ved Hallingdal folkehøgskule er gode på ski og brett, er ei kjent sak. Men det gøymer seg mange kreative krefter i krokane på Skaga. I "Kvit Snø" ønskjer vi å sette skulen sitt varemerke inn i ein kunstnarisk setting, slik at vi får vist frem heile spekteret hos elevane våre. Og kva er vel eit betre utgangspunkt for dette enn Gamle Skaga og dei tradisjonane denne garden ber i seg. Med høgtsvevande skitriks, dundrande stumporkester, hiphop-dans, , flammeblåsing og korsang skal snøritualet presenterast i ein halvtimes forestilling med den gamle garden og den mørke skogen som majestetisk kulisse.
 
Skulen vil her vise fram nokre av sine aktivitetar slik som jibbing på ski og brett. Alt dette blir sydd saman til ein heilskap med song, dans og tromming, lys og flammar. Til å hjelpe oss med regi, rytmar og flammeblåsing har vi i år fått hjelp av Joar Gustavsen (Hallingdal Teaterverkstad), Are Rosseland (perkusjon) og Ole Kristian Strøm (regi). Prosjektleiar er Tori Snerte, vår musikklærar.
 
VELKOMEN!

KVIT SNØ 2011

Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011

Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland Kvit Snø i Golsjuvet, 29. januar 2011
© svein rosseland

Hallingdal Folkehøgskule | N-3550 Gol, Norway | +47 32 07 96 70 | post@hallingdal.fhs.no | www.hallingdal.hfs.no

Grafisk design: svein rosseland

Webpublisering og webdesign med Siteman CMS